LibreOffice 26.2 Hjelp
Teikn-panelet gjev tilgang til innstillingar som endrar formatet til enkeltteikn eller heile ord og setningar.
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Skriv inn eller vel den skriftstorleiken du vil bruka. Ved skalerbare skrifter kan du også bruka desimaltal.
Viss du opprettar ein stil som er basert på ein annan stil, kan du skriva inn ein prosentverdi eller ein punktverdi (for eksempel -2pt eller +5pt).
Knappar på formatlinja:
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Teiknar ein strek gjennom den merkte teksten. Viss markøren er i eit ord, vil streken gå gjennom heile ordet.
Set skriftfargen for den gjeldande cella eller dei merkte cellene.
Set fargen for den merkte teksten. Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna eller på ordet som markøren er over.
Bestemmer avstanden mellom teikna i den merkte teksten. For å utvida eller krympa avstanden skriv du inn ein verdi for avstanden mellom teikna i talboksen.
Set ein positiv verdi for å auka avstanden og ein negativ verdi for å minska avstanden.
Set inn ein usynleg bindestrek i eit ord. Denne bindestreken vert synleg berre når han kjem på slutten av ei linje og lagar linjeskift.
Set inn mjuk bindestrek